Hardinglaup: Fyksesundet rundt 5. august 2017

Arrangementsinformasjon
Default eg er ein harding 03


Velkomne til ein fredeleg kappestrid i eit terreng kor få folk ferdast!

Likar du lange turar kor du kombinerer fjellkunnskap og uthald?
LES ALL INFOEN UNDER OG MELD DEG/DYKK PÅ!

1.0 Hardinglaup: Fyksesundet rundt
Hardinglaupet Fyksesundet rundt er det einaste ultraløpet over 50 km med start og mål i Hardanger. 150 deltakarar vert ynskt velkomne til ein fredeleg kappestrid gjennom eit spennande høgfjellsterreng kor få folk ferdast. Kun to sauebønder og ein og annan lokal jeger ferdast i dette området… Total lengd er 52 km og 2600 høgdemeter gjennom indrefileten av Hardanger!

2.0 Løypa

Løpet går rundt heile Fyksesundet – frå bru til bru. Start kl 0600 (både individuell og lag) frå Fykse skule som ligg sentralt i det premierte kulturlandskapet i Fyksesund landskapspark. Umerka løype heile vegen stiller krav til høgfjellskompetanse og orienteringskunnskapar. Traséen startar på veg gjennom grenda opp til Bjørke. Vidare på skogsveg til stølen Nyasete. Deretter på sti forbi stølen Stavdal med oppfang i enden av dalen, i Brattefonn. Runda rundt Vetlavatnet og Bjølsegrøvatnet til stølen Muren. Frå Muren opp på Kistefjell. Bryt av ned skar på hylle NA for Jaradalsvatnet med kurs mot Juklavatnet. Beach flag og sjekkpunkt der. Vidare retning Svartavatnet. Fyl så dalføret ned mot stølen Songrø. Sjekkpunkt og opplegg for transport etter cut off kl 13. Frå Songrø ein del enklare terreng og orientering. På sti over til Hardingaskaret. Fyl så T-merka sti over Sveindalseggi – Løkjesdalen – Blåkoll. Sjekkpunkt i Linga-hytta. Traséen fyl vidare rundt Blåkollvatnet – Lomatjørni. Ta av T-merka aust for vatn 779. Her fyl deltakarane den gamle buførevegen – Fjellvegen – mellom Øystese og Hamlagrø. Nytt sjekkpunkt øvst i Nongjel. Passerer ned med Oaldstjørn på høgre hand med kurs mot Skarpenuten. Så ber det nedover mot stølane Skårsete og Sekk. Deretter på skogsveg ned til grenda Skåre. Derifrå asfaltveg forbi Porsmyr til Fyksesundbrua og opp att i Fyksegrenda. Målgang på Fykse skule.

2.1 GPS-spor

Alle deltakarar pliktar å fylgja same løype og skal lasta ned og leggja inn GPX-fil på førehand.
Sporet kan du også gjennomgå på Lommekjent.
Ferdsel som går vesentleg utanfor arrangøren sitt spor vert idømt ekstra tid, evt diskvalifisering.


Velkomen til det einaste ultramaratonet i Hardanger!

3.0 Tryggleik

Arrangør syter for eit systematisk tryggleiksopplegg for utøvarane:

3.1 Deltakarkrav

Løpet er krevjande og er mynta på deg som både er uthaldande og kan orientera i høgfjellet. Det vert stilt strenge krav til kompetanse hjå deltakarane og samtlege pliktar å fylgja GPS-sporet arrangøren har laga. Merk: Arrangør kan endra ruta heilt opp mot arrangementsdagen. Informasjon om dette vil verta gjeve via skjermbrev eller løparmøtet.
Maks 150 deltakarar.
Makstida er 14 timar. Løparar som kjem i mål etter det får ikkje registrert tida.

3.2 Utstyr

I sekken skal alle deltakarane ha:
- fullada telefon i vasstett behaldar (NB! Lite dekning undervegs!)
- vass- og vindtett bukse og jakke med hette
- hanskar/vottar
- lue
- ekstra ullunderty oppe og nede i vasstett forpakning (kun 100 % ull vert godkjend, ikkje blend)
- mat til heile turen
- vindsekk, ikkje folie. (Desse vert vurdert ok. Denne typen vert vurdert som ikkje ok. Dette av fjellmedisinske årsaker. Det skal vera praktisk mogeleg å vøla ope beinbrot inni sekken og då kjem lettvektsfoliane til kort.) I lagklassen skal alle deltakarane ha eigen vindsekk.
- fløyte

Alle individuelle og lagleiarar:
- kompass og kart over heile område
- GPS med innlasta spor og nye batteri + eit reservepar. Kun handhalden GPS. GPS på klokke eller mobil vert ikkje tillate.
- enkel fyrstehjelp (minimum: enkeltmannspakke, sportstape og sårstrips)

Det er mange høve å fylla vassflaska undervegs.
Det vert organisert sjekk av sekk på innsjekk fredag, samt ved målgang.
Alle deltakarar får sporingseining på seg som skal berast forsvarleg på kropp/sekk under løpet. Instruksjon og utdeling vert gjeve på løparmøtet.

3.3 Sjekkpunkt

I løypa vert det obligatoriske sjekkpunkt samt utplasserte mannskapar frå Røde Kors. På sjekkpunkta leverer deltakarane frå seg laminerte strips med deltakarnummer på.
Sjekkpunkt 1: Muren. 32V 353117 6706058. (Røde Kors)
Sjekkpunkt 2: Juklavatnet. 32 V 351132 6709500. (Røde Kors)
Sjekkpunkt 3: Songrø. 32V 348036 6712904. (Røde Kors) (Cut off kl 13 til Hodnaberg med organisert transport til Fykse)
Sjekkpunkt 4: Blåkoll. 32 V 343429 6712143. (Røde Kors)
Sjekkpunkt 5: Nongjel. 32 V 345149 6706286. (Røde Kors)

3.4 Eigenerklæring

Ved å melda seg på signerer deltakar automatisk eigenerklæringsskjema med fylgjande punkt:

-  Eg har lese tryggleiksmanualen til arrangementet og er klar over risikoen og farane ved å delta i denne tevlinga og deltek på eigen risiko
-  Eg stadfestar å vera i god nok fysisk og psykisk form til å gjennomføra
-  Eg kan orientera i høgfjellet med kart, kompass og GPS i umerka traséar i dårleg vér utan sikt.
-  Eg kan leggja inn waypoints/rute på GPS og bruka GPS utan hjelp i fjellet
-  Eg kan ferdast åleine i høgfjellet utan sikt og veit kva eg må gjera i ein naudsituasjon
-  Alt utsyr eg bringar med er i god stand og det er mitt ansvar at alt fungerer heile vegen
-  Arrangør kan ta meg ut or løpet dersom helsemessige eller andre årsaker tilseier det
-  Deltakaravgifta kan ikkje refunderast ved avlysing eller endra trasé
-  Arrangør kan publisera bilete av meg utan særskilt løyve i alle mediakanalar (sosiale medium, aviser, magasin)

3.5 Alternativ løpsdag

Dersom veret ikkje tillet arrangement kan sundag 6. august verta aktuell. Avgjerd for dette vert teken innan fredag 4. august kl 1800 og vert informert via mail, sms og SoMe.

3.6 Løparmøte

Det vert obligatorisk løparmøte fredag 4. august kl 1900 på Fykse skule. Her vert gjennomgang av trasé, informasjon om tryggleiksopplegg og anna relevant informasjon.

4.0 Klassar

Individuell: herre og dame

Lagklassar:
- 2 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla. Ingen kjønnsklasse.
- 3 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla. 1 personar kan bryta ved Songrø eller i Blåkoll og få skyss ut. Gjeld ikkje lagleiar. Ingen kjønnsklasse.

Aldersgrense: 18 år

4.1 Deltakaravgift

Individuell klasse: 600 kr per pers
Lagklasse 2 pers: 1000 kr per lag
Lagklasse 3 pers: 1200 kr per lag

Påmeldingsfrist: torsdag 3. august 2017 kl 2359.

4.2 Kåring

Det vert kåra vinnar i klassen for beste mann og dame og beste lag. Vinnarane får innrita namnet i ein eksklusiv vandrepremie – ein solid hardingfelekasse skore ut or ein massiv trelurk med motorsag – som vert stilt ut i Gamlastovo gardsrestaurant sentralt i grenda.


Arrangementet går i høgfjellet rundt den veglause fjordarmen Fyksesundet.


5.0 Program

Fredag 4. august:
Kl 1300: Obligatorisk registrering, utstyrssjekk og utlevering startnummer/sporingseining på Fykse skule
Kl 1800: Registrering ferdig
Kl 1900: Obligatorisk løparmøte for alle individuelle og lagleiarar
Kl 2000: Løparmøte ferdig

Laurdag 5. august:
Kl 0600: Startskot båe klassar
Kl 1400: Cut-off Blåkoll til Ambjørgsviki og båt over Hamlagrøvatnet. Organisert transport til Fykse.
Kl 1400: Dei fyrste deltakarane er venta i mål
Kl 2000: Tidsfrist makstid
Kl 2100: Grendafest med premieutdeling i Skykkjeskukkjen ved Gamlastovo gardsrestaurant

5.1 Parkering

Det er svært avgrensa parkeringsfasilitetar i grenda. Me bed om at folk samkøyrer og organiserer drop-off saman.
Dersom parkering er naudsynt tilrår me kaien i Steinstø.

5.2 Dusj og garderobe

Det er garderobe og dusjmogelegheiter på Fykse skule. Det er mogeleg å leggja frå seg ting her under løpet. Verdisaker vert lagt att på eigar sitt ansvar.

5.3 Overnatting

Telt: Me har nokre få teltplassar tilgjengelege i kulturlandskapet. Ta kontakt med arrangør dersom dette er ynskjeleg
Gymsal: For kr 150 kan du overnatta i gymsalen på Fykse skule natt til arrangementsdagen. Ta med eige liggjeunderlag og sovepose.
Hotell: Ta kontakt med Hardangerfjord hotell for godt tilbod

6.0 Sosial etappe

Me jobbar for å tilby lokal mat og kaffi til både fjellfant og fagnamann i målområdet på Fykse skule. Samt aktivitetar for små og store på skuleplassen, samt stor grendafest om kvelden!

Me ynskjer alle ein fantastisk tur gjennom indrefileten av Hardanger!

Nemnda:
Arne Lunestad – Morten Laupsa-Borge – Odd Arne Botnen – Bjørnar Fykse – Kristin Glück-Teigland - AK Glück-Teigland 


Fyksesundet er ein veglaus fjordarm gjennom indrefileten i Hardanger! Foto: Bjørnar Fykse


Urørt natur så langt auga kan sjå. Foto: Bjørnar Fykse




Endelege resultatlister Fyksesundet rundt 2016:


Endeleg resultatliste Fyksesundet rundt 2015:



Restriksjoner

Aldersgrense 18 år

Ansvarsfraskrivelse

Arrangøren tilbyd 100 % refusjon av deltakaravgifta ved gyldig innsendt legeerklæring før 1. juli.
Tildelt plass individuell klasse kan ikkje overførast til andre.
Ved sjukdom i lagklasse må ny deltakar steppa inn for å kunne delta.

XL-Bygg Kvam leverer alt innan byggjevaresortimentet, trelast, bygningsplater, golv, garderobe, kjøkken, og meir. Samt bistand i prosjekteringfasen med søknadar, teikningar, og generell rådgivning.
GBS har dyktige fagfolk og godt utstyr. GBS er interessert i både små og store oppdrag.
Kvam Kraftverk AS driv verksemd på fleire områder i dag. Nettdrift, kraftproduksjon, kraftomsetning, entrepenørtenester, breiband og varmepumper er nokre av områda.
Kantek prosjekterer og leverer alle typar ventilasjonsanlegg og anlegg for sentral driftskontroll for yrkesbygg og bolegkompleks, samt service på ventilasjonsanlegg.
Kåre Neteland AS utfører alle typar røyrleggjartenester, og leverer komplette bad og våtrom.
Kvam Elektro AS er autorisert elektroinstallatør og erfaren forhandlar av forbrukarelektronikk.