HardingFest 2017

Arrangementsinformasjon
Default hardingfest

HardingFest

- Fjord, fjell og fysisk fostring + musikalsk konfetti -

6.-8. juli 2017


OM HARDINGFEST

HardingFest kombinerer fysisk fostring og fredelege kappestridar på fjord og fjell med musikalsk konfetti i kultur- og friluftssenteret Holmatun. Me skal by på opplevingar og utfordringar for både fant og fagnamann i den vakre perla Øystese. Velkomen til Hardanger!


PROGRAM

FYSISK FOSTRING: Ultrahardingen 2017

Velkomen til kappestrid i den flotte naturen som omkransar Hardanger. Ta del i dei einskilde tevlingane, eller alle og du er med i kåringa av Ultrahardingen 2017.

Reglane er fylgjande:

  • Kun individuelle er med
  • Ein tevlar kun mot dei andre som er påmeldt alle tre tevlingane
  • Plassering = poeng. Den med lågast score etter finalen laurdag vinn.

Tevlingar:

  1. Lurkalarm (torsdag)
    Vidareføring av det populære triatlonet som har vore innleiing til Bygdalarm i ei årrekkje.
  2. Breidablik opp (fredag)
    Motbakkeløp til det vidgjetne fjellparadiset Breidablik. Inkludert friluftskonsert på toppen!
  3. HardingTrippelen (laurdag)
    Finale med langtur over tre av dei høgaste fjella i regionen: Manfjell – Skrott – Torefjell. Delvis merkt trasé i stadvis krevjande terreng.

Pris:
Kr 1000 for å delta i alle tre tevlingane og vera med i kampen om å verta UltraHardingen 2017.

Lurkalarm

Lurkalarm held fram sjølv om Bygdalarm har pause! Lurkalarm er musikkfestivalen Bygdalarm sin trivelige versjon av Norseman – Eit triathlon med fokus på friske, fysiske utfordringar i vestlandsk naturidyll, kombinert med enormt god stemning. Konkurransen er velegna for deg som likar kaldt vatn, motbakkesykling og springing i lett kupert terreng på mjukt underlag. Målet er å samle både dei aller seigaste så vel som dei aller blidaste. Triathlonet er ope for alle og det er førstemann til mølla som sikrar seg plass blant dei 30 individuelle og dei 10 laga (3 per lag) som får plass. Vær kjapp på labben, då Lurkalarm dei siste åra har vore meir enn fulltekna. Me skiljer mellom damer og menn i individuell klasse, medan det i lagklassen er fritt fram for å mikse. Ein må ha eigen sykkel, samt eiga våtdrakt (valfritt) til symjinga.

Hovudvinsten er ein etterkvart særs tradisjonsrik og gjev linjelurk. Ein lurk er ein avskava bjørkekjepp og nettopp denne lurken er av sorten vandre-lurk som vinnaren sjølv må bera 1000 høgdemeter opp på fjellet Skrott før ein får rissa inn namnet sitt. Åstaden for seremonien er naturperla Breidablik. Riss-meister er Anton Froastad.

Trasé: Triathlonet startar med symjing i fjorden (omlag 150 meter) frå Øystesetranda til enden av fjøra nedanfor festivalområdet. Etter ein frisk start hiv ein seg på sykkelen og trakkar seg oppover asfalten (5 km langs Fitjedalsvegen) i retning Klypeleitet, som markerer starten på Sogestien og siste etappe. Frå Klypeleitet gjenstår 4 km springing på sti langs vestsida av Fitjedalsvatnet inn til målpassering på Fete innerst i Fitjadalen. Når alle 60 har passert måltreken vert det enkel matservering og utdeling diplom til alle utøvarane på Blekeld. Offisiell premieutdeling på Holmatun om kvelden. Her vert det kåring av ”Årets Lurk” og Årets Lurkalaug”,

Tryggleik: Raude Krossen (RK) har mannskap på plass i båt på fjorden, samt i fylgjebil langs sykkeletappen. Under springinga har ein mannskap i løypa med enkelt fyrstehjelpsutstyr samt samband med RK. Me oppmodar alle til å ha med seg drikke på sykkeletappen. Langs springeetappen kan ein drikke av bekkar og det vert også delt ut drikke ved målgang.

Innsjekk: I Holmatun frå kl 17.00 torsdag 6. juli 2017

Start: Kl 1800 presis frå fjøra i Øystese

Pris:

  • kr 250,- per person
  • kr 600,- per lag

Lurkalarm plar vera fullteikna med både individuell og lagklasse. Foto: Bygdalarm

Breidablik OPP

Vel møtt til eit tradisjonsrikt motbakkeløp til fjellparadiset Breidablik. Det segnomsuste hytta lokkar til seg ein aukande skjerv av fjellfolk. Kan den lokale rekorden på 45:55 frå 2012 stå for fall i år? Den lokale Ingebrigt Ølmheim innehar den offisielle rekorden.
Den lokale handverkaren Bjarne Huse byrja arbeidet med å mura opp bygga allereie i 1969. Nokre år seinare byrja andre lokale heltar å tevla om å springa så fort som mogeleg opp

Trasé:
Løypa er 5,3 km lang og har ganske nøyaktig 1000 m stigning. Det er T-merka heile vegen. Mannskapar frå Raude Krossen har utplassert tryggleiksteam undervegs. Les meir om løypa her: https://www.ut.no/tur/2.5086/

Reglar:
Alle løparar (i konkurranseklassen) må ha sekk på minimum 2,5 kg ved start og i mål. Kontrollveging ved innsjekk på Fete i Fitjadalen.
Konkurranseklasse: Innsjekk frå kl 11, start kl 12.

Pris:
Konkurranseklasse: kr 300

Breidablik er eit mykje vitja turmål og ligg på over 1200 moh mellom Fitjadalen og Hamlagrø.

HardingTrippelen

Sjølve finalen i Ultrahardingen 2017 er ein langtur av dimensjonar. Heile tre fjell inngår i trippelen: Manfjell, Skrott og Torefjell. Alle desse kneisar som kongar i landskapet i Hardanger. 

Trasé:
Løype er knappe 40 km lang og har ei om lag 2500 m stigning. Ferda går langs veg til Hovland, så traktorveg til Blomsete. Deretter over på sti til Hyrting og umerka høgfjellsterreng over Manfjell og ned og runda Håstabbetjørn, vidare opp mot Skrott. Så på T-merka sti ned til Fitjadalen og grusveg til Flatebotnane. På sti opp til Eivindesete mog inn Langedalen og opp på baksida av Torefjell i umerka terreng. Full fart ned på framsida på sti til stølane Fagrasete og Nystøl. Deretter traktorveg og litt asfalt i nokre få km til Øystese og målgang ved Holmatun.
Ved svært krevjande vér kan ruta endrast. Noko merking vert sett ut av tryggleiksmannskapane.
Det vert avlevering av sjekkpunktstrimler på kvar topp.
NB! Ruta er justert per 3. juli.
Sjå gjennom ruta her: https://www.ut.no/tur/2.20539/
Last ned GPX-fila her.

Program:
Fredag 7. juli kl 18: PÅMELDINGSFRIST
Fredag 7. juli kl 18: Registrering for sjekk av utstyr, samt utdeling startnummer i Holmatun
Fredag 7. juli kl 19: Løparmøte i Holmatun. Felles for alle individuelle og lagleiarar.
Laurdag 8. juli kl 06: Utlevering sporingseining frå RaceTracker
Laurdag 8. juli kl 07: Start frå Holmatun
Laurdag 8. juli kl 14: Cut-off i Flatebotnane og organisert transport ned

Tryggleik:
Raude Krossen har utplassert stasjonar langs løypa.
Alle deltakarane ber på seg GSM-basert sporingseining med naudknapp. Utlevering ved innsjekk.
Det er obligatoriske sjekkpunkt på kvar topp kor alle deltakarane avleverer sjekkpunktstrimler.
Cut-off i Flatebotnane kl 1400.

Utstyr:
I sekken skal alle deltakarane ha:
- fullada telefon i vasstett behaldar (NB! Lite dekning undervegs!)
- vass- og vindtett bukse og jakke med hette
- hanskar/vottar
- lue
- ekstra underty oppe og nede i vasstett forpakning
- mat til heile turen
- vindsekk, ikkje folie. (Det skal vera praktisk mogeleg å vøla ope beinbrot inni sekken og då kjem lettvektsfoliane til kort.) I lagklassen skal alle deltakarane ha eigen vindsekk.
- fløyte
- kompass og kart over heile område
- GPS med innlasta spor og nye batteri + eit reservepar. Kun handhalden GPS. GPS på klokke eller mobil vert ikkje godkjend.
- enkel fyrstehjelp (minimum: enkeltmannspakke, sportstape og sårstrips)

Lagklasse:
Ta del i turopplevinga på lag! Maks 3 deltakarar per lag. Alle deltakarar skal gå samla. 1 deltakar (ikkje lagleiar) kan bryta ved cut-off. Kun lagleiar treng ha med GPS.

Pris:
Kr 500 for konkurranseklasse
Kr 800 for lagklasse

Trim?
Dersom du ynskjer å delta på deler av turen tilbyd Kvam Turlag fellestur langs traséen i fjellet. 

Vel møtt til 40 km i herleg hardangernatur over 3 vidgjetne toppar som gjev vidsyn.

MUSIKALSK KONFETTI

Scenane i Holmatun har tilbode gode opplevingar sidan 1927 og heile huset vert fylt med musikalsk konfetti innan pop, rock og elektro under HardingFest.

Arrangementet har 18 års grense.
Servering av øl, vin og sider i to etasjar.

PROGRAM:

Komplett program fordelt på dag. NYT!

ARTISTANE:

Hjerteslag:
Bergens beste band for tida, brennheite Hjerteslag kjem til Hardingfest. Med vokalist og låtskrivar Robbie Eidevik i front har Hjertelag etablert seg som det mest karismatiske og engasjerte rockebandet i landet. Bandet debuterte med "Møhlenpris Motell" i 2015, eit ablum i nær relasjon til britiske indeihaltar. Oppfylgjaren "Vannmann86" i 2016 henta inspirasjon frå amerikansk rock og eit samla pressekorps trilla 5arar. Singelen "Sang til Sonja" har dominert norkse radiobylgjer og har no befesta seg som ein liveklassikar allereie. Ta dei vel i mot fredag 7. juli!

Hjerteslag - Noregs beste rockeband? Døm sjølv, på Hardingfest!

SIGRID:

Sigrid Raabe signerte si fyrsteplatekontrakt allereie då ho var 17 år gamal. Det var bror og musikar, Tellef Raabe, som overtala Sigrid til å skrive eigne tekstar og det tok ikkje lang tid før namnet hennar vartkjent i musikkrinsar. Då ho vart Ukas Urørt i 2013, vart ho omtala som «eit låtskrivartalent med velutvikla teft og identitet». Låta Known YouForever gjekk rett inn på P3 sine spelelister då denkom ut året etter.

Sjølv om Sigrid så smått «vart oppdaga» musikalsk, valde ho åfullføre vidaregåande skule før ho flytta til Bergen og satsa heilt på musikken. No turnerer ho utelukkande  til studio i London, Berlin og Bergen, for å lage materiale for framtida. Me er ikkje i tvil om at kulissane i Holmatun vil kle den melodiøse popmusikken særs godt!

Vinteren 2017 slo singelen "Don´t kill my vibe" ned som ei bombe i det norske og internasjonale musikkmiljøet med 1.000.000 (1 mill!) avpspelningar berre fyrste helga. BT kåra låta til verdas beste låt akkurat no. Kom og vurder sjølv!

Norsk stjerneskot nr 1: SIGRID. Foto: Francesca Allen

Lindstrøm:

"Faderen i den skandinaviske space disco-treenighet" avrundar HardingFest 2017 med ein elektronisk parademarsj ingen annan i house- og electronicamiljøet i Noreg. Saman med Prins Thomas og Todd Terje er Lindstrøm dei største premissleverandørane for dance på norske og internasjonale klubbscenar dei siste 15 åra. Forvent ljos og rytmar som sjeldan er dagleg kost på bygda.

Lindstrøm - ein ekte elektroconnosieur

Kristian Anttila:

"Hej! Kristian Anttila heter jag. Jag är man. Jag är 36 år gammal. Jag sjunger och spelar gitarr. Jag vet att det är dåligt men nu är det så." Slik er omkvedet i skjermbrevkorrespondansane med ein av dei flittgaste liveartistane i Sverige. Kristian har vitja bygda tidlegare og har fått seg vener i musikkmiljøet. Ein helt vender alltid attende, denne gong i kraft av seg sjølv. På HardingFest får me oppleva Kristian Anttila solo, som eit ledd i turnéen omkring den nyaste akustiske plata ”Rum 4, Avd 81”. Anttila debuterte i 2003 og har frå sine 6 album tallause P3-hits.

Kristian Anttila er ute med nytt materiale og kjem til HardingFest fredag 7. juli!

Professor Pez:

Pez er ein strålande og flottenfeiersk kvartett frå Bergen. I somme miljø går bandet for å vera verdas beste, inkje mindre. 4 skranglete og deilege plater har bandet gjeve ut sidan oppstarten i 2004 og låtmaterialet spenner mellom kulthits til konseptspor om Hordaland. Det er god stemning frå fyrste strofe.

Verdas beste band: Professor Pez

Stereotypes:

4 typete karar frå Bergen er hyrt inn eksklusivt til å hylla amerikansk indie av venaste slag: Weezer, Pavement, REM, Cake, Dinosaur Jr, Apples In Stereo og Green Day m.fl.  Bandet har kun ein konsert bak seg, men kanskje Stereotypes vert ein bandkonstellasjon også i framtida? Med røter i både bøttehatt og kred er me visse på at denne supergruppa gjev publikum noko ekstraordinært. Besetninga er Karl Erik Bernt (gitar/vokal), Tor Erik Solem (gitar/vokal), Benjamin Helland (bass/vokal) og Einar Olsson (trommer).
Stereotypes frontar deileg amerikansk indie!

KLUBB:
DJ Daniel:

DJ Daniel har fartstid som subtil DJ i resepsjonen på Finse 1222 med spennvidde frå electrolounge til sarte viser. Daniel tok farvel med fjellet og søkte seg til hovudstaden til nye utfordringar og meir musikk. Ein platebag fylt med musikalsk snop vert å by på når Daniel entrar hovudscena og avsluttar fredag 7. juli.

Daniel - hippaste svensken i Hardanger denne helga!

DJ Evil Mustache & The Librarian:

Ein superduo debuterer som DJs på HardingFest! Likevel er det ikkje ukjende andlet som får æra å avslutta på hovudscena laurdag 8. juli. Bak alter egoet finn me dei lokale Nils Ove Børve og Theresa Wallevik, kjende figurar på/bak/framføre ulike scener og etablissement i regionen. Somme fryktar gjerne tungrock når rockarane speler plater, men det vert lova skamlause hits ut i natta!

Ein DJ-debut frå to kjende figurar frå Hardanger!

DISKO I KLUBBKJELLAREN:


Tobias Urhaug (PLOINK / DOT / Berlin)

Tobias Urhaug har i fleire år vore ein sentral figur klubbscena i Bergen som DJ, arrangør, live artist og produsent. Han er frå Bergen, men bur for tida i technohovudstaden Berlin. Han har den siste tida arrangert sine eigne klubbkveldar på Landmark i Bergen, kor han inviterer både internasjonale og lokale DJs til å spela med han. Han er ein solid DJ, kjent for å spenna vidt sjangermessig og med fokus på energien i musikken.

Musikk: https://soundcloud.com/dot-bergen/dotcast-4-urhaug

Ida Nerbø (DOT / Bergen Techno Fanzine / Bergen)

Ida Nerbø spelar ein mørk og leiken variant av ambient, acid og techno. Ho har ein kompromissløs spelestil, og kombinerer dette med ei inviterande fremføring. Ida har vore ein sentral del av technoscena i Bergen dei siste åra, både som DJ og som redaktør for Bergen Techno Fanzine, eit magasin om techno i den breidaste tydinga av ordet.

Ida er initiativtakar til DOT Collective Bergen, eit team av DJs, produsentar og kunstnarar som arrangerer events med fokus på uvanlege technoartistar i kombinasjon med lysdesign og deco.

Musikk: https://soundcloud.com/pilsogplater/pils-plater-140117-guestmix-dj-ida-nerbo

Hedda The Head (After School Special / Bergen)

Hedda the head aka Hedda Grevle Ottesen er ein kunstnar og kurator busett i Bergen. Ho spelar ein eklektisk blanding elektronisk musikk med alt frå acid til old school house og trance. For ho handlar djing om eit forsøk på laga et alternativt univers på dansegolvet som viser til nye strategiar.

AntiChristiansen (Bergen)

AntiChristiansen aka Andreas Christiansen er DJ og produsent. Han spelar minimal og klassisk techno. I fjor flytta han frå Bergen til Danmark kor han studerte musikkproduksjon ved Jyderup Højskole, kor han saman med vener starta opp Danmarks fyrste spesialiserte galleri for elektronisk lydkunst, Rum/Klang.

Eirik Moberg (Bergen)

DJ Eirik spelar dansemusikk i god mp3-kvalitet. Du kan nesten ikkje høyra skilnad. Han vil berre at alle skal dansa eller sitja, smile eller sjå konsentrert ut, kyssa eller tøffa seg. Så då må det verta house og techno. Ingen kjem til å merka skilnad før alt er annleis.

Simon Opitz (DOT / Klubb Klubb / Bergen) 

Simon Opitz er DJ, produsert og kunstner. Simon spelar house og techno, og hentar musikk fra ein katalog av funky, melodiske og catchy låtar. Som kunstnar jobbar Simon med rom, lys og dekor, noko han trekk med seg inn i klubbscena når han arrangerer events.

Simon er del av DOT Collective Bergen, ei gruppe DJs, produsentar og kunstnere. Tidlegare har Simon også vore med å starta labelet Balsa Wood, som mellom anna har gjeve ut musikk av Skatebård og Niilas.


SPONSORAR:


hardingfest
holmatun
lurkalarm
ultrahardingen

Restriksjoner

https://www.dropbox.com/s/4uson8nhsii3zt2/GENERELLE%20VILK%C3%85R%20BYGDAGNIST.pdf?dl=0

Ansvarsfraskrivelse

https://www.dropbox.com/s/4uson8nhsii3zt2/GENERELLE%20VILK%C3%85R%20BYGDAGNIST.pdf?dl=0