Fridtjof Nansen 1884 - 2017

Arrangementsinformasjon
Default file 1483616769

Den offisielle opninga av HardingEkspedisjonen Nansen 1884 - 2017 vert markert med eit topptungt drøs med Nansen som tema.

Stad: Nansensenteret i Bergen
Pris: GRATIS
Tid: Kl 19 - 22

Program:

KlInnleiarOrganisasjonTema/tittel
1900AK Glück-TeiglandDagleg leiar Hardanger åtgaum AS og turleiar HardingEkspedisjon 2017Om "HardingEkspedisjon: Nansen 1884 - 2017"
1915Johnny A. JohannessenSeniorforsker, Nansensenteret (NERSC)Nansensenteret sitt verkefelt. Kva betyr Nansen si forsking i dag? 
1945Yngve KristoffersenProfessor Department of Earth Science, UiB1 år med forskning på Nordpolen
2015PAUSE
2030Anders BachePartner/prosjektleiar, YourWay ASNansen si ferd over Grønland 1888
2100Harald Dag JøllePolarhistoriskar, Norsk PolarinstituttOppdagaren Fridtjof Nansen. Om Nansen sin utferdstrong og søk om svar i naturen


Hovudpersonen sjølv: Fridtjof Nansen i svært kjend positur

Innleiarane:

Harald Dag Jølle:

Norsk historikar og fjellklatrar. Han er tilsett ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø som spesialist på polarhistorie, og i særleg norsk polarforsknings historie. Hausten 2011 kom han ut med fyrste bind av biografien om Fridtjof Nansen. Jølle vann Sørlandets litteraturpris for 2012 i kategori sakprosa for boka "Nansen. Oppdageren".  Han var også ekspedisjonsdeltakar til Sørpolen 2011 saman med Vegard Ulvang, Stein P. Aasheim og Jan-Gunnar Winther. Ekspedisjonen fylgde same rute som Roald Amundsen fylgde i 1911–12, og nådde fram til polpunktet på dagen 100 år etter at Amundsen & Co nådde polen i 1911.


Yngve Kristoffersen:
Den 74 år gamle professor emeritus ved UiB gjennomførte 2014-2015 eit eittårig forskingsprosjekt omkring Nordpolen om bord på ein luftputebåt. To menn på 4 kvm i 350 dagar i 1900 km drift over Polhavet, totalt isolert frå anna sivilisasjon.Nordpol-duoen var på jakt etter ny kunnskap om asteroidenedslag, klimaet for 50 millionar år sidan, drivisen og ny teknologi for polarforsking. På mange vis vidareførte dei forskinga som Nansen byrja på Fram 1893 - 1896.

Johnny A. Johannessen:
Johannessen var med på å etablera Nansensenteret i Bergen i 1986. Johannessen er utdanna i fysisk oseanografi ved Geofysisk Institutt, UiB og har ein Doktorgrad i Satellitt Oseanografi fra UiB (1997). Me vil få ei innføring i kva Nansensenteret betyr for forskinga i dag.



T.v Harald Dag Jølle. Øvst til høgre Yngve Kristoffersen, nedst Johnny A. Johannessen


Anders Bache:
Anders Bache er oppvaksen i Oslo, men bur no på ein husmanssplass i Nordmarka. Her sluker han alt av polahistorie til frukost, middag og kvelds. Han lever etter mantraet til den største polarhelten i Grønlandsk historie, Knud Rasmussen: “Giv mig Vinter og Hunde – saa maa I for mig gerne beholde alt andet for jer selv…” Anders er lidenskapeleg oppteken av polarhistorie og fullfører for tida mastergrad i arkeologi med fokus på liv og ekspedisjonar i Arktis. Han har tidlegare jobba fleire sesongar som guide i Arktis og Antarktis og har 10 år med polarhistorisk arbeid ved museum i Norge og England bak seg. Anders er partnar i selskapet Yourway og er prosjektleiar for all aktivitet på Finse og i Framheim.

AK Glück-Teigland:
Dagleg leiar i Hardanger åtgaum AS og leiar av HardingEkspedisjon. Er gamal speidar og har ein sær kjærleik til det å frysa. Bur på eit bygdemuseum i Hardanger og arrangerer alt frå små lokalarrangement til fjellskiløp og ultramaraton i heimefjella.



Anders Bache (til venstre) og AK Glück-Teigland (til høgre) i rette element

Samarbeid:

HardingEkspedisjon Nansen 1884-2017 er eit samarbeid mellom Hardanger åtgaum AS, YourWay AS og Skiforeningen. Hovudsamarbeidspartnar er Åsnes.

Bidragsytarar er knowit, NERSC (Nansensenteret), Amundsen sports og Universitetet i Bergen.



nansen
ekspedisjon

Restriksjoner

https://www.dropbox.com/s/4uson8nhsii3zt2/GENERELLE%20VILK%C3%85R%20BYGDAGNIST.pdf?dl=0

Ansvarsfraskrivelse

https://www.dropbox.com/s/4uson8nhsii3zt2/GENERELLE%20VILK%C3%85R%20BYGDAGNIST.pdf?dl=0