Vinterbestigning av Hårteigen

Arrangementsinformasjon
Default file 1504618373

HardingEkspedisjon: Liding fører fram. Fyl fara til hardingen i leida mot opplevinga du ikkje trudde du makta. Dra din eigen pulk. Sov i telt i barst arktisk klima. Et lokalprodusert polfararmat. Har du ein harding i deg? Me inviterer 12 heldige sjeler med på tur. Velkomen til vinterbestigning av Hårteigen.


Hårteigen søv om vinteren og du har fjellet for deg sjølv. Foto: Hardanger åtgaum

Hårteigen er det mest kjende landemerket på Hardangervidda. Den ruvar som ein einsleg rise midt på Vidda med lang anmarsj i alle retningar. Klypet opp på sommarstid er vidgjete, men ingen lett veg. Om vinteren er Hårteigen nærast umogeleg å bestiga. Inntil no. Ta turen inn i det ukjende saman med røynde kjentfolk.

Høver for deg...
- som har noko røynsle med vinterklatring eller har lyst å prøva
- taklar dagsmarsjar på 30 km
- som er van med å ferdast i fjellet vinterstid og eig eigne fjellski og anna grunnutrustning for å takla krevjande forhold
- har lyst på ein utfordring utanom det vanlege og er motivert for å testa eigne grenser
- har ein ekspedisjon i magen og vil testa form og utstyr med andre fjellfolk
- har lenge hatt lyst til å telta vinterstid, men manglar utstyr og kompetanse.
- ynskjer å oppleva krevjande vinterfjell med røynde fjellfolk


Hårteigen i gneistrande klårt og kaldt vintervér. Foto: Hardanger åtgaum


Program:

Onsdag 14. feb:
Kl 1800: Oppmøte Hardanger Høgfjellssenter Holmatun i Øystese
Kl 1900: Ferdaråd og utdeling matrasjonar
Kl 2000: Felles heimelaga HardingMat
Kl 2300: Overnatting i telt i Storesalen!

Torsdag 15. feb:
Kl 0600: Revelje og felles frukost
Kl 0700: Avreise Øystese
Kl 1000: Avmarsj Garen
Kl 1900: Overnatting i telt 

Fredag 16. feb:
Kl 0700: Revelje
Kl 0900: Avmarsj
Kl 1700: Etablera leir ved foten av Hårteigen
Kl 1800: Scouting og ferdaråd

Laurdag 17. feb:
Kl 0700: Revelje
Kl 0900: Toppstøyt Hårteigen
Kl 1500: Avmarsj retur
Kl 1900: Overnatting i telt

Sundag 18. feb:
Kl 0700: Revelje
Kl 0900: Avmarsj. Retur same veg.
Kl 1500: Avreise Garen
Kl 1800: Ankomst Holmatun, Øystese

Ekspedisjonen byrjar og sluttar i Hardanger Høgfjellssenter i Øystese

På HardingEkspedisjon i samla tropp. Foto: Bård Basberg


Turskildring:
Utgangspunkt for ekspedisjonen er det nyetablerte Hardanger høgfjellssenter i Øystese, Hardanger. Her vert ferdaråd og middag innteke før me stryk av garde til fjells. Overnatting skjer i oppslåtte telt i Storesalen! Me ris opp tidleg og et ein dueleg frukost før avreise frå Øystese til Garen. Herifrå er det om lag 40 km til foten av Hårteigen. Me legg opp til dagsmarsjar på 25-30 km med sams etablerte taktfaste rutinar. Sjølve toppstøytet er krevjande og avhengig av gode og stabile forhold. Turansvarlege reiser på rekognosering ei luta stund før 


Overnatting i telt på ekspedisjon. Foto: Bård Basberg


UTSTYR:
Obligatorisk deltakarutstyr:

Ved avmarsj:
1 stk skalljakke og skallbukse i GTX-kvalitet eller liknande . Treningsklede ala SWIX eller bomull vert ikkje akseptert.
1 stk ullundertøy, overdel
1 stk ullundertøy, underdel
1 par vindvottar
1 par varme innervottar
1 stk vindtett lue eller hette på jakke
1 par varme ullsokkar
1 par fjellskisko
1 par fjellski med stålkant (3/4 stålkant vert godkjent)
1 par fjellskistavar med brei trinse
1 stk sendar/mottakar med 100 % batteri. Kameratsjekk før avmarsj.

I sekk/pulk:
1 stk liggjeunderlag til vinterbruk
1 stk vintersovepose med nedre grense -25 grader (T-comfort: kvinner, T-limit: menn)
1 stk snøspade
1 stk søkestang snøskred
1 stk fjellduk/vindsekk (Desse vert vurdert ok. Denne typen vert vurdert som ikkje ok)
1 stk ullundertøy, overdel (i vasstett pose)
1 stk ullundertøy, underdel (i vasstett pose)
1 stk dunjakke (i vasstett pose)
1 par varme ullsokkar (i vasstett pose)
1 par alpinbriller
1 stk balaklava
1 stk hovudlykt med ekstra Lithium batteri
1 stk fløyte
2 stk full termosar. Min 1,5 l totalt.
1 stk SPORK eller liknande
1 stk låda eller plasttallerken
1 stk kompass
1 stk kart Norgeskartkartserien som dekker heile ruta
1 stk personleg førstehjelpsutstyr (minimum: enkeltmannspakke, sportstape og strips)
Mat og snop utanom måltid

Arrangørutstyr:
Arrangør stiller med telt, brennarar, pulk og sele, sambandsutstyr og sams tryggleiksutstyr.
Arrnagør stiller med naudsynt sikringsutstyr til vinterklatring.
Arrangør syter for 3 måltid kvar dag.


Hårteigen er det mest kjende landemerket på Hardangervidda. Foto: Hardanger åtgaum


Pris:
Kr 8350 per pers.
Inkluderer:
- turleiing
- overnatting Holmatun
- leige fellesutstyr (brennar, kjørl, pulk, sele og drag)
- leige klatreutstyr
- måltider

Vilkår:
Påmeldingsfrist: 28. januar 2018.
Treng minimum 6 deltakarar for å gjennomføra.

Turansvarleg:
AK Glück-Teigland, tlf 91394506, ak@bygdagnist.no
Lang røynsle innan ferdsel i vinterfjellet. Tallause turar i drugt lende i heimefjella sidan speidardagane i 1992. Lengre ekspedisjonar som skitur Hardanger - Oslo i 2014, 360 km marsj langs grensa av Hardanger sommaren 2015, fleire deltakingar på Ekspedisjon Amundsen og telting i orkan under Hallingskarvet vinteren 2015. Var leiar for Ekspedisjon Nansen 1884 - 2017 i fotefara til Fridtjof Nansen i mars 2017.

Turleiarar:
Øystein Ormåsen:
Øystein (født 1980) er medeier og daglig leder i Wild Voss AS, som tilbyr naturopplevelser i fri natur året rundt. Øystein tilbragte sju år som lærer i videregående skole i Bergen, før han flyttet til Voss sammen med kone og to små barn like før jul i 2014. Der valgte han å prøve lykken som bedriftsetablerer. Øystein har vært NF-godkjent Breinstruktør 1 siden 2004, Klatreinstruktør 1 Høyfjell siden 2007, og er sertifisert kursholder for turlederkursene i DNT. Han har i en årrekke arrangert klatrekurs og brekurs og drevet med fjellføring i Jotunheimen. Som turleder i DNT fjellsport Bergen har han arrangert en rekke krevende turer på ski midtvinters. I årene før han ble familiemann fikk han seg noen flotte klatreturer til blant annet Alpene, Nepal og Grønland. Øystein er spesielt glad i turer til Hurrungane, særlig vinterstid.
Telefon: 93484041. Epost: ormasen@gmail.com .

Are Opstad Sæbø:
Are har lang og variert turerfaring fra både inn og utland. Han tok sine førse skritt på Besso turisthytte på Hardangervidda, og i årene etter har det blitt mange flere. I tillegg til Hardangervidda, som er et område han kjenner godt, og er særs glad i, kan vi nevne Spitsbergen på langs, flere deltakelser i Ekspedisjon Amundsen og Grønlandskryssinger. Våren 2018 skal han være  ekspedisjonsleder for en gruppe på 10 personer som skal krysse innlandsisen. Are er også en ivrig klatrer. Han er NF-godkjent klatreinstruktør høyfjell, og trives godt i alpint terreng både sommer og vinter.
Tlf: 47668619, epost: aresabo@gmail.com  


Turleiarane gler seg til å ta deg med på tur! Velkomne til fjells.

hårteigen
vinterklatring
stegjern
holmatun

Restriksjoner

https://www.dropbox.com/s/4uson8nhsii3zt2/GENERELLE%20VILK%C3%85R%20BYGDAGNIST.pdf?dl=0
Maks 12 deltakarar

Ansvarsfraskrivelse

https://www.dropbox.com/s/4uson8nhsii3zt2/GENERELLE%20VILK%C3%85R%20BYGDAGNIST.pdf?dl=0