Hardinglaup: Gråsida halvmaraton

Arrangementsinformasjon
Default file 1506675089

Gråsida halvmaraton - 24 km krevjande halvmaraton på fjellski

Er du robust nok til å takla høgfjellet på vinterstid åleine utan sikt?
Har du røynsle frå lange turar på fjellski i høgfjellsterreng?

Bli med på halvmaraton over Gråsida med målgang på Voss!
LES ALL INFOEN UNDER OG DELTA - ÅLEINE ELLER PÅ LAG!


Hardinglaup er fjellskirenn i krevjande terreng. Få inspirasjon!

Hardinglaup: Gråsida halvmaraton

Gråsida er vidkjend for krevjande terreng og stundom brutale vértilhøve. Det er eit stort høgfjellsplatå som skil Voss frå Hardanger. Du vil få motbakkar, dalar, vekslande føre og kvasse utforkøyringar. Her krevst røynsle og fjelldugleik for å gjennomføra.

Tida er no inne for å tilby fjellfolk i Noreg ein ekte kappestrid. Velkomen som deltakar på halvmaraton på fjellski over Gråsida. mellom Hardanger og Voss. Hardinglaup markerer starten på ein ny type skirenn i Noreg: dagslanglaup på fjellski i høgfjellet med strenge krav til deltakarar.

Fråsida halvmaraton går parallelt og i same trasé som det 52 km lange Hardinglaupet Øystese - Voss same dag.

Krevjande høgfjellsterreng byd på solid utfordring. Foto: Vegard Breie

Ta turen på lag med ein god ven og del utfordringa! Foto: Vegard Breie

Klassar

Løpet høver for deg som ynskjer tevla mot likesinna i fjellet på fjellski i barskt terreng. Løypa går same dag og parallelt med siste delen av Hardinglaupet frå Øystese til Voss.

Individuell:
- herre
- dame

Lagklasse:
- 2 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla.
- 3 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla.

Aldersgrense: 18 år

Deltakaravgift

Individuell klasse: 858 kr per pers

Lagklasse 2 pers: 1100 kr per lag

Lagklasse 3 pers: 1300 kr per lag

Prisen inkluderer:

- deltaking i verdas einaste halvmaraton på fjellski!

- transport frå Øystese/Voss sentrum til start Hodnaberg arrangementsdag

- transport frå Voss til Øystese etter målgang

- dusjfasilitetar, mat og drikke ved målgang

- deltakarfest i Holmatun i Øystese!

- deltakarpremie

- sporingseining

- tryggleikshandsaming frå handplukka personell

Trasè

Starten av løpet går frå Hodnaberg. Ferda går vidare opp til Kvålsdalen, over Torfinnsvatnet retning Grøno. Opp mot Slåttebakkatjørni. Derfifrå fyl ferda vidare i kvista løype over Gråsida til Hindartveit. Her lyt ein mogelegvis hiva skia på sekken og byta over til joggesko (valfritt) og vandra til fots siste kilometrane inn til Vossevangen. Fyrst ut traktorvegen til Gjelle. Så ned Giljavegen og snarvegane ned til Vikjavegen. Gjennom Gjernes, langs Gjernesvegen, over Langabrua gjennom Vangen og målgang utanfor Tre Brør på Voss.

GPS-spor

Alle deltakarar pliktar å fylgja same løype og skal lasta ned og leggja inn GPX-fil på førehand.
Sporet kan du også gjennomgå på Lommekjent. Ferdsel som går vesentleg utanfor arrangøren sitt spor vert idømt ekstra tid, evt diskvalifisering.

Velkomen til eit høgfjellsmaraton over Gråsida til Voss!

Tryggleik

Deltakarkrav

Løpet krev at du er motivert og klar.  Du fører på røynsle (skildra gjennomførte turar) og kunnskap om høgfjellet (evt fjellkurs, verv, turleiarkurs etc) i påmeldinga.
Maks 50 deltakarar totalt. Maks antal grunna logistikk og tryggleik.

Eigenerklæring

Kvar deltakar signerer eit eigenerklæringsskjema med fylgjande punkt på pre-race meeting:

Lagleiarar og individuelle:
- Eg kan orientera i høgfjellet vinterstid med kart, kompass og GPS i umerka traséar i dårleg vér utan sikt.
- Eg kan leggja inn waypoints/rute på GPS og bruka GPS utan hjelp i fjellet
- Eg kan ferdast åleine i høgfjellet utan sikt og veit kva eg må gjera i ein naudsituasjon

Alle:
- Eg har lese tryggleiksmanualen til arrangementet og er klar over risikoen og farane ved å delta i denne tevlinga og deltek på eigen risiko
- Eg kan bruka kart og kompass
- Eg stadfestar å vera i god nok fysisk og psykisk form til å gjennomføra
- Alt utsyr eg bringar med er i god stand og det er mitt ansvar at alt fungerer heile vegen
- Arrangør kan ta meg ut or løpet dersom helsemessige eller andre årsaker tilseier det
- Deltakaravgifta kan ikkje refunderast ved avlysing eller endra trasé
- Arrangør kan publisera bilete av meg utan særskilt løyve i alle mediakanalar (sosiale medium, aviser, magasin)

Deltakarnamn (med blokkbokstavar): _________________________________________________________

Deltakar underskrift: ______________________________________________________________________

ICE namn og telefonnummer:_______________________________________________________________


Strenge krav til deltakarar, crew og arrangørar av Hardinglaup. Foto: Høyde media

Utstyrskrav

Fylgjande utstyr skal vera i sekken ved start: Gjennomgang alle sekkar på pre-race meeting kvelden før, samt ved målgang.

Individuelle og lagleiarar:

1 stk GPS med kart innlagt og nye lithium batterier
4 stk ekstra lithium-batteri til gps (to skift)
1 stk kokeapparat til vinterbruk (valfri modell, gassapparat er akseptert)
1 stk kjele med lok
1 stk personleg førstehjelpsutstyr (minimum: enkeltmannspakke, sportstape og strips)
1 stk fyrstikkøskje i vasstett pakning
1 stk multiverktøy




Alle:

Mat og drikke
1 stk snøspade
1 stk søkestang snøskred
1 stk fjellduk/vindsekk (Desse vert vurdert ok. Denne typen vert vurdert som ikkje ok. Dette av fjellmedisinske årsaker. Det skal vera praktisk mogeleg å vøla ope beinbrot inni sekken og då kjem lettvektsfoliane til kort.)
1 stk ullundertøy, overdel (i vasstett pose)
1 stk ullundertøy, underdel (i vasstett pose)
1 stk dunjakke (i vasstett pose)
1 par varme ullsokkar (i vasstett pose)
1 par alpinbriller
1 stk balaklava
1 stk hovudlykt med ekstra Lithium batteri
1 stk fløyte
1 par joggesko (valfritt)
1 stk full termos. Kun til naudbruk. Min 0,5 l. Vert forsegla under innsjekk og skal vera intakt ved mål.
1 stk fryseturka naudrasjon. Vert forsegla under innsjekk og skal vera ubrukt ved mål med mindre naudsituasjon har oppstått.
1 stk kompass
1 stk kart Norgeskartserien "1:50 000 Voss" eller kartblad som dekker heile ruta





I tillegg ha på deg dette på start (gjeld ALLE)
1 stk skalljakke og skallbukse i GTX-kvalitet eller liknande . Treningsklede ala SWIX eller bomull vert ikkje akseptert og medfører startnekt.
1 stk ullundertøy, overdel
1 stk ullundertøy, underdel
1 par vindvottar
1 par varme innervottar
1 stk vindtett lue eller hette på jakke
1 par varme ullsokkar
1 par skisko, valfri modell
1 par fjellski med stålkant (3/4 stålkant vert godkjent)
1 par fjellskistavar med brei trinse
1 stk sendar/mottakar med 100 % batteri. Kameratsjekk før avmarsj.

Arrangører syter for sporing på alle individuelle deltakarar og lag gjennom ein Racetracker-device. Denne sporinga gjev deltakar mogelegheit å tilkalla naudhjelp. Innføring i bruk av denne vert gjeve på pre race-meeting. NB! Dette er ikkje det same som sendar/mottakar som står oppført som obligatorisk personleg utstyr.
Det vert presisert at utstyr som kite og skisegl ikkje er tillate.

Operativ tryggleik

Eit crew med nasjonale kapasitetar innan tryggleik hegnar om arrangementet.

Tryggleiken vert handsama ut frå fylgjande prinsipp:
1. Hindra tap av liv og helse for deltakarar og mannskap
2. Berekraftig miljømessig i naturen
3. Tryggja arrangøren med omsyn til økonomi og omdøme

Strukturen er at tryggleiksansvarleg er overordna i rennleiinga og kontrollerer og koordinerer dei operative mannskapane frå sentralt KO. Det er etablert samband mellom dei operative mannskapane både i Kvam og Voss. Tryggleiksansvarleg har også til ei kvar tid oversyn over trackinga av Racetrackerane.
Det er utplassert beredskapscrew langs traséen. Voss Raude Kross har ansvaret frå Kvålsdalen til Voss.


Det vert stilt strenge krav til dokumenterbar høgfjellskunnskap frå deltakarane. Foto: AK Glück-Teigland

Program

Fredag 16. mars: Holmatun kultur- og friluftssenter
Kl 1400: Registreringa og utstyr-sjekk opnar. Sal av middag.
Kl 1830: Registreringa og utstyr-sjekk avsluttast
Kl 1900: Obligatorisk løparmøte

Laurdag 17. mars:
Kl 0630: Avreise parkeringsplass ved Holmatun kultur- og friluftssenter med innleigd buss.
Kl 0800: Pick-up Torget (ved Tre Brør)
Kl 0900: Felles start frå Hodnaberg
Kl 1300: Dei fyrste deltakarane er forventa i mål
Kl 1900: Makstid.
Kl 1930: Felles buss Voss - Øystese
Kl 2100: Premieutdeling og fest på Holmatun kultur- og friluftssenter.

Nr1Fitness Voss stiller med dusjfasilitetar til alle deltakarar etter målgang. Ligg like ved målområdet.


Påmelding

Påmelding til løpet skjer ved søknad med aksept av arrangør. Gå vidare i systemet og skriv inn dei obligatoriske spørsmåla. Sekvensen tek ca 15 min. Ha klar dei dokumenterbare høgfjellsrøynslene dine på førehand.
Siste søknadsfrist er 1. mars 2018.
Deltakarane vert godkjend suksessivt på 10 og 10 personar. Aksept vert sendt via skjermbrev med link til betaling med frist 1 veke.
Siste aksept/avslag vert sendt ut 1. mars.

Vinnarane kan kalla seg ekte hardingar. Målfoto: Vegard Breie

Vilkår

Terskelen for avlysing er høg og kostnadane for arrangør ved gjennomføring og avlysing er like. Arrangøren har såleis ikkje høve til refusjon av deltakaravgifta.

Tildelt plass kan ikkje overførast til andre.

6.0 Premie

Det vert premie til dei tre fyrste i individuell klasse damer og menn og tre fyrste i lagklassen


Kontakt

Anvarleg for Hardinglaup er Hardanger åtgaum AS med sete i Øystese i Hardanger. Selskapet vert drive av AK Glück-Teigland med lang røynsle og fartstid innan friluftsliv og utandørs arrangement.

Me ynskjer å fronta nordisk skihistorie gjennom arrangementa.
Crewet elles er rekruttert handplukka frå eige nettverk.

NAMN
ROLLE
MERKNAD
AK Glück-Teigland
Løpsleiar
Hovudansvar heile arrangement
Morten Laupsa-Borge
Teknisk ansvarleg
Hovudansvar sporing og samband
Bjørnar Fykse
Tryggleiksansvarleg
Hovudansvarleg lende, tryggleik og tryggleiksmannskapar
Arne Lunestad
Logistikkansvarleg
Hovudansvar transport, utstyr og rigg




























hardinglaup
holmatun
gråsida

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år

Ansvarsfraskrivelse

Arrangøren tilbyd ikkje høve til refusjon av deltakaravgifta.
Tildelt plass kan ikkje overførast til andre.