Hardinglaup: Øystese - Voss

Arrangementsinformasjon
Default eg er ein harding 03






FYL MED PÅ DELTAKARPRESENTASJON OG ANNA MORO PÅ HARDANGER ÅTGAUM SI FB-SIDE

Er du robust nok til å takla høgfjellet på vinterstid åleine utan sikt?
Har du røynsle frå lange turar på fjellski i umerka høgfjellsterreng?
LES ALL INFOEN UNDER OG SØK OM Å DELTA - ÅLEINE ELLER PÅ LAG!



Sjå filmen frå løpet i 2017 og få inspirasjon!


Hardinglaup Øystese - Voss:

Det finst fleire ferdselssleper mellom hardingane og vossingane. Dette løpet er av dei lengste og mest krevjande… Motbakkar, tronge dalar, vekslande føre, kvasse utforkøyringar. Her krevst nøyaktig orientering og fjelldugleik for å gjennomføra. Traseen byggjer ei brutal, men venleg bru mellom Hardanger og Voss. Velkomen til verdas einaste ultramaraton på fjellski!

Tida er no inne for å tilby fjellfolk i Noreg ein ekte kappestrid. Velkomen som deltakar på hardinglaupet mellom Hardanger og Voss. Hardinglaupet markerer starten på ein ny type skirenn i Noreg: dagslanglaup på fjellski i umerka løyper i høgfjellet med strenge krav til deltakarar. Desse krava til deltakarar fordrar også strenge krav til arrangør.


Umerkt og krevjande høgfjellsterreng byd på solid utfordring. Foto: Vegard Breie


Føre og lende kan variera stort i slutten av mars/tidleg april. Her er viser Fugladalen seg her frå ei god side. Foto: AK Glück-Teigland


Ta turen på lag med ein god ven og del utfordringa! Foto: Vegard Breie

1.0 Klassar

Løpet krev søknad og aksept av arrangør. Påmelding til løpet skjer ved søknad med aksept av arrangør. Gå vidare i systemet og skriv inn dei obligatoriske spørsmåla. Sekvensen tek ca 15 min. Ha klar dei dokumenterbare høgfjellsrøynslene dine på førehand.
Søknadsfrist er 1. mars 2018.
Deltakarane vert godkjend suksessivt på 10 og 10 personar. Aksept vert sendt via skjermbrev med link til betaling med frist 1 veke.

Individuell: herre og dame

Lagklasse:
- 2 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla. 1 person kan bryta ved Møyåni til Hodnaberg og få skyss ut. Gjeld ikkje lagleiar. Ingen kjønnsklasse.
- 3 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla. 1 person kan bryta ved Møyåni til Hodnaberg og få skyss ut. Gjeld ikkje lagleiar. Ingen kjønnsklasse.

Aldersgrense: 18 år

1.1 Deltakaravgift

Individuell klasse: 1334 kr per pers

Lagklasse 2 pers: 2200 kr per lag

Lagklasse 3 pers: 2600 kr per lag

Prisen inkluderer:

- deltaking i verdas einaste ultramaraton på fjellski!

- transport frå Øystese sentrum til start Sjusete arrangementsdag

- transport frå Voss til Øystese etter målgang

- dusjfasilitetar, mat og drikke ved målgang

- deltakarpremie

- satellittbasert sporingseining

- tryggleikshandsaming frå handplukka personell


2.0 Trasè


Starten av løpet går frå skianlegget på Sjusete. Herifrå går det bratt opp retning Torefjell langs sommarløypa før ein brekk av inn mot Beindalsgjelet og vidare opp mot Krok. Herifrå vidare opp mot Jørstadvatna, Svartavatnet og Myklavatnet. Frå Myklavatnet vidare inn i krevjande høgfjellsterreng langs dalstroka inn i Søre Fugladalen, over Øvre Fugladalsvatnet og Fossavatnet. Oppfang NV på Fossavatnet. Passér på venstre side. Merka med banner og flagg ned mot Fugladalsselet. Vidare derifrå langs sommartraséen (T-merka) N for Geitafjell. Ned mot stølane i Søre Hamlagrø. mot Lomatjørn. Gjennom hyttefeltet i Kyrkjeviki mot Blåkollvatnet. Opp derifrå langs T-merka sommartrasé. Utplassert klippetang i god avstand frå open foss på veg opp frå Blåkoll. Over Løkjesdalstjørnane. Brutalt bratt ned i Løkjesdalen. Merka med banner og flagg. Passér på venstre side. Fyl instruks til utplassert mannskap. Opp over Sveindalseggi og over Sveindalsnuten. Vidare over topp 873 og ned til Hodnaberg. Cut-off ved Hodnaberg kl 13 presis. Ferda går vidare opp til Kvålsdalen, over Torfinnsvatnet retning Grøno. Opp mot Slåttebakkatjørni. Derfifrå fyl ferda vidare i kvista løype over Gråsida til Hindartveit. Her lyt ein mogelegvis hiva skia på sekken og byta over til joggesko (valfritt) og vandra til fots siste kilometrane inn til Vossevangen. Fyrst ut traktorvegen til Gjelle. Så ned Giljavegen og snarvegane ned til Vikjavegen. Gjennom Gjernes, langs Gjernesvegen, over Langabrua gjennom Vangen og målgang utanfor Tre Brør på Voss.


2.1 Alternativ trasè

Dersom ufarbare forhold ned Løkjesdalen vert ruta lagt om:

Alternativ rute: Frå Blåkoll Frå Blåkoll opp langs Stølselvi, kryssar Vossadalen. Rundar Øyaseteggi NV. Nedrenn til nedre Sveindalen. Kryssar så SA for pkt 756 mot Møyåni. Vidare S langs T-merkt sommarsti til Nedre Kvålsdalstjørni og inn i Kvålsdalen


2.2 GPS-spor

Alle deltakarar pliktar å fylgja same løype og skal lasta ned og leggja inn GPX-fil på førehand.
Sporet kan du også gjennomgå på Lommekjent. Ferdsel som går vesentleg utanfor arrangøren sitt spor vert idømt ekstra tid, evt diskvalifisering.


Velkomen til eit høgfjellsmaraton frå Hardanger til Voss!

3.0 Tryggleik

3.1 Deltakarkrav

Løpet krev søknad og aksept av arrangør. Det skal visast til dokumenterbar røynsle (skildra gjennomførte turar) og kunnskap om høgfjellet (evt fjellkurs, verv, turleiarkurs etc) i søknadsskjemaet.
Maks 100 deltakarar totalt. Maks antal grunna logistikk og tryggleik.

3.2 Eigenerklæring

Kvar deltakar signerer eit eigenerklæringsskjema med fylgjande punkt på pre-race meeting:

Lagleiarar og individuelle:
-  Eg kan orientera i høgfjellet vinterstid med kart, kompass og GPS i umerka traséar i dårleg vér utan sikt.
-  Eg kan leggja inn waypoints/rute på GPS og bruka GPS utan hjelp i fjellet
-  Eg kan ferdast åleine i høgfjellet utan sikt og veit kva eg må gjera i ein naudsituasjon

Alle:
-  
Eg har lese tryggleiksmanualen til arrangementet og er klar over risikoen og farane ved å delta i denne tevlinga og deltek på eigen risiko
-  Eg kan bruka kart og kompass
-  
Eg stadfestar å vera i god nok fysisk og psykisk form til å gjennomføra
-  
Alt utsyr eg bringar med er i god stand og det er mitt ansvar at alt fungerer heile vegen
-  
Arrangør kan ta meg ut or løpet dersom helsemessige eller andre årsaker tilseier det
-  
Deltakaravgifta kan ikkje refunderast ved avlysing eller endra trasé
-  
Arrangør kan publisera bilete av meg utan særskilt løyve i alle mediakanalar (sosiale medium, aviser, magasin)

Deltakarnamn (med blokkbokstavar): _________________________________________________________

Deltakar underskrift: ______________________________________________________________________

ICE namn og telefonnummer:_______________________________________________________________



Strenge krav til deltakarar, crew og arrangørar av Hardinglaup. Foto: Høyde media


3.3 Utstyrskrav

Fylgjande utstyr skal vera i sekken ved start: Gjennomgang alle sekkar på pre-race meeting kvelden før, samt ved målgang.

Individuelle og lagleiarar:

1 stk GPS med kart innlagt og nye lithium batterier
4 stk ekstra lithium-batteri til gps (to skift)
1 stk kokeapparat til vinterbruk (valfri modell, gassapparat er akseptert)
1 stk kjele med lok
1 stk personleg førstehjelpsutstyr (minimum: enkeltmannspakke, sportstape og strips)
1 stk fyrstikkøskje i vasstett pakning
1 stk multiverktøy




Alle:

Mat og drikke
1 stk snøspade
1 stk søkestang snøskred
1 stk fjellduk/vindsekk (Desse vert vurdert ok. Denne typen vert vurdert som ikkje ok. Dette av fjellmedisinske årsaker. Det skal vera praktisk mogeleg å vøla ope beinbrot inni sekken og då kjem lettvektsfoliane til kort.)
1 stk ullundertøy, overdel (i vasstett pose)
1 stk ullundertøy, underdel (i vasstett pose)
1 stk dunjakke (i vasstett pose)
1 par varme ullsokkar (i vasstett pose)
1 par alpinbriller
1 stk balaklava
1 stk hovudlykt med ekstra Lithium batteri
1 stk fløyte
1 par joggesko (valfritt)
1 stk full termos. Kun til naudbruk. Min 0,5 l. Vert forsegla under innsjekk og skal vera intakt ved mål.
1 stk fryseturka naudrasjon. Vert forsegla under innsjekk og skal vera ubrukt ved mål med mindre naudsituasjon har oppstått.
1 stk kompass
1 stk kart Norgeskartserien "1:50 000 Voss" eller kartblad som dekker heile ruta





I tillegg ha på deg dette på start (gjeld ALLE)

1 stk skalljakke og skallbukse i GTX-kvalitet eller liknande . Treningsklede ala SWIX eller bomull vert ikkje akseptert og medfører startnekt.
1 stk ullundertøy, overdel
1 stk ullundertøy, underdel
1 par vindvottar
1 par varme innervottar

1 stk vindtett lue eller hette på jakke
1 par varme ullsokkar
1 par skisko, valfri modell
1 par fjellski med stålkant (3/4 stålkant vert godkjent)
1 par fjellskistavar med brei trinse
1 stk sendar/mottakar med 100 % batteri. Kameratsjekk før avmarsj.

Arrangører syter for sporing på alle individuelle deltakarar og lag gjennom ein Yellowbrick-device. Denne sporinga gjev deltakar mogelegheit å tilkalla naudhjelp. Innføring i bruk av denne vert gjeve på pre race-meeting. NB! Dette er ikkje det same som sendar/mottakar som står oppført som obligatorisk personleg utstyr.
Det vert presisert at utstyr som kite og skisegl ikkje er tillate.

3.4 Operativ tryggleik

Eit crew med nasjonale kapasitetar innan tryggleik hegnar om arrangementet.

Tryggleiken vert handsama ut frå fylgjande prinsipp:
1. Hindra tap av liv og helse for deltakarar og mannskap
2. Berekraftig miljømessig i naturen
3. Tryggja arrangøren med omsyn til økonomi og omdøme

Strukturen er at tryggleiksansvarleg er overordna i rennleiinga og kontrollerer og koordinerer dei operative mannskapane frå sentralt KO. Det er etablert samband mellom dei operative mannskapane både i Kvam og Voss. Tryggleiksansvarleg har også til ei kvar tid oversyn over trackinga av Yellowbrickane.
Det er utplassert beredskapscrew langs traséen. Øystese Raude Kross har ansvaret Sjusete - Kvålsdalen og Voss Raude Kross har ansvaret frå Kvålsdalen til Voss.



Det vert stilt strenge krav til dokumenterbar høgfjellskunnskap frå deltakarane. Foto: AK Glück-Teigland



4.0 Program

4.1 Tidsplan


Fredag 16. mars: Holmatun kultur- og friluftssenter
Kl 1400: Registreringa og utstyr-sjekk opnar. Sal av middag.
Kl 1830: Registreringa og utstyr-sjekk avsluttast
Kl 1900: Obligatorisk løparmøte

Laurdag 17. mars:
Kl 0515: Avreise parkeringsplass ved Holmatun kultur- og friluftssenter med innleigd buss.
Kl 0600: Felles start frå Sjusete
Kl 1300: Dei fyrste deltakarane er forventa i mål
Kl 1300: Cut-off Kvålsdalen til Hodnaberg. Skyss til Voss.
Kl 1900: Makstid.
Kl 1930: Felles buss Voss - Øystese
Kl 2100: Premieutdeling og fest på Holmatun kultur- og friluftssenter

Nr1Fitness Voss stiller med dusjfasilitetar til alle deltakarar etter målgang. Ligg like ved målområdet.

5.0 Påmelding
Påmelding til løpet skjer ved søknad med aksept av arrangør. Gå vidare i systemet og skriv inn dei obligatoriske spørsmåla. Sekvensen tek ca 15 min. Ha klar dei dokumenterbare høgfjellsrøynslene dine på førehand.
Siste søknadsfrist er 1. mars 2018.
Deltakarane vert godkjend suksessivt på 10 og 10 personar. Aksept vert sendt via skjermbrev med link til betaling med frist 1 veke.
Siste aksept/avslag vert sendt ut 1. mars.



Vinnarane av Hardinglaup kan kalla seg ekte hardingar. Målfoto: Vegard Breie


5.1 Vilkår

Terskelen for avlysing er høg og kostnadane for arrangør ved gjennomføring og avlysing er like. Arrangøren har såleis ikkje høve til refusjon av deltakaravgifta.

Tildelt plass kan ikkje overførast til andre.


6.0 Premie

Det vert premie til dei tre fyrste i individuell klasse damer og menn.

1. premie: Custom made Harding-ski frå Åsnes

2. premie: Horgi fjellstav frå Åsnes

3. premie: Langfell frå Åsnes


Premie lagklasse:
1.  premie: 1 par langfeller til fjellski + 1 par Horgi fjellstav  
2.  premie: 1 par langfeller til fjellski
3.  premie: 1 skibag

Premiane vert utdelte på målfesten i Holmatun.
Det vert også uttrekkspremiar!


Vinnarane får ei spesiallaga fjellski type HARDING!



7.0 Kontakt

Prosjektanvarleg for Hardinglaup er Hardanger åtgaum AS med sete i Øystese i Hardanger. Selskapet vert drive av AK Glück-Teigland med lang røynsle og fartstid innan friluftsliv og utandørs arrangement.

Me ynskjer å fronta nordisk skihistorie gjennom arrangementa.
Crewet elles er rekruttert handplukka frå eige nettverk.


Namn
Rolle
Merknad
LEIING:




AK Glück-Teigland
Løpsleiar
Hovudansvar heile arrangement
Kristin Glück-Teigland
Ass løpsleiar
Hovudansvar målgang
Morten Laupsa-Borge
Teknisk ansvarleg
Hovudansvar sporing og samband
Bjørnar Fykse

Tryggleikansvarleg
Hovudansvarleg lende, tryggleik og tryggleiksmannskapar
Arne Lunestad
LogistikkansvarlegHovudansvar transport, utstyr og rigg




INTERESSANT? SØK OM Å DELTA VED Å TRYKKA PÅ "KJØP BILLETT" TIL HØGRE!

hardinglaup
øystese-voss
holmatun

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år

Ansvarsfraskrivelse

Arrangøren tilbyd ikkje høve til refusjon av deltakaravgifta.
Tildelt plass kan ikkje overførast til andre.

Åsnes er Noregs største fjellskileverandør og stolt hovudsponsor av Hardinglaup. Åsnes leverer premiar til vinnarane, ei custom made HARDING-ski!
Den ekte og engasjerte banken Sparebanken Vest tek ansvar på Vestlandet og er solid samarbeidspartnar med Hardinglaup
Kvam Kraftverk AS driv verksemd på fleire områder i dag. Nettdrift, kraftproduksjon, kraftomsetning, entrepenørtenester, breiband og varmepumper er nokre av områda.
Etter hardinglaupet stiller Nr1Fitness Voss med gratis dusjfasilitetar til deltakarane!
Prosjektleiingsselskap lokalisert i Hardanger med sans for prosjekt i skjeringspunktet moderne/tradisjon og street smart/sunt bondevit