Natt under Hallingskarvet

Arrangementsinformasjon
Default file 1505141839

På årets mørkaste dag, den lengste natta av dei alle - men på veg mot ljosare tider.
Ein lang haust bak oss og ein lang vinter framom oss.
Frå høgfjellet på Finse gjennom natta til Geilo.
Velkomen til ei nattevandring under Hallingskarvet!


Høver for deg...
- som er van med å ferdast i fjellet vinterstid og eig eigne fjellski og anna grunnutrustning for å takla krevjande forhold
- har lyst på ein utfordring utanom det vanlege og er motivert for å testa eigne grenser
- har ein ekspedisjon i magen og vil testa form og utstyr med andre fjellfolk
- har lenge hatt lyst til å telta vinterstid, men manglar utstyr og kompetanse.
- ynskjer å oppleva krevjande vinterfjell med røynde fjellfolk


Hovudlykter er einaste ljoskjelde på nattevandringa...

Program:
Fredag 22. desember:
Kl 2000: Oppmøte Finse
Kl 2000: Felles mat og ferdaråd. Pakking av sekkar
Kl 2100: Avmarsj

Laurdag 23. des:
Kl 0900 (ca): Ankomst Geilo med felles frukost

Transport:
Frå vest:
Bergen – Finse: kl 1705 – kl 1937 

Frå aust:
Oslo – Finse: kl 1543 - 1958

Retur:
Geilo - Bergen: kl 1156 - 1457
Geilo - Oslo: kl 1055 - 1445

Turskildring:

Turen er 45km lang og stryk langsmed foten av Hallingskarvet. Opplev den mektige Lengjedalen, dei endelause Raggemyrane, utsynet mot Tvergastein og nedfarten iskianlegget i Havsdalen. Traséen baserer seg på løypa til Skarverennet, men fortonar seg som ein arktisk utfordring vintersdagen.


Hallingskarvet - verdas vakraste fjell?

UTSTYR:
Obligatorisk deltakarutstyr:

Ved avmarsj:
1stk skalljakke og skallbukse i GTX-kvalitet eller liknande .
1 stk ullundertøy, overdel
1 stk ullundertøy, underdel
1 par vindvottar
1 par varme innervottar
1stk vindtett lue eller hette på jakke
1 par varme ullsokkar
1 par fjellskisko
1 par fjellski med stålkant (3/4 stålkant er ok)
1 par fjellskistavar med brei trinse
1 stk sendar/mottakar med 100 % batteri. Kameratsjekk før avmarsj.

I sekk:
1 stk snøspade
1 stk søkestang snøskred
1 stk fjellduk/vindsekk
1 stk ullundertøy, overdel (i vasstett pose)
1 stk ullundertøy, underdel (i vasstett pose)
1 stk dunjakke (i vasstett pose)
1 par varme ullsokkar (i vasstett pose)
1 par alpinbriller
1 stk balaklava
1 stk hovudlykt med ekstra Lithium batteri
1 stk fløyte
2 stk full termosar med drikke. Min 1,5 l totalt.
1 stk mattermos, eller niste til heile turen + snop
1 stk kompass
1 stk kart Norgeskartkartserien "1:50 000 Hallingskarvet" eller kartblad som dekker heile ruta
1 stk personleg førstehjelpsutstyr (minimum: enkeltmannspakke, sportstape og strips)

Arrangørutstyr:
Arrangør stiller med sambandsutstyr, sporingseining, sams tryggleiksutstyr.
Arrangør syter for felles måltid fredag kveld før avmarsj og frukost laurdag morgon ved ankomst Geilo.


Turen stryk langsmed foten av Hallingskarvet i barskt høgfjellsterreng. Kart: RaceTracker


Pris:
Kr 995 per pers.
Inkluderer:
- turleiing
- tryggleiksutstyr, samband og sporing
- felles måltid fredag kveld før avmarsj og frukost laurdag morgon ved ankomst Geilo.
Minimum 3, maks 6 deltakarar.

Turleiaransvarleg:
AK Glück-Teigland, tlf 91394506, ak@bygdagnist.no
Turleiarane har lang røynsle innan ferdsel i vinterfjellet. Tallause turar i drugt lende i heimefjella sidan speidardagane i 1992. Lengre ekspedisjonar som skitur Hardanger - Oslo i 2014, 360 km marsj langs grensa av Hardanger sommaren 2015, fleire deltakingar på Ekspedisjon Amundsen og telting i orkan under Hallingskarvet vinteren 2015. Var leiar for Ekspedisjon Nansen 1884 - 2017 i fotefara til Fridtjof Nansen i mars 2017.



Turleiarane gler seg til å ta deg med på tur! Velkomne til fjells.



hallingskarvet
finse
geilo

Restriksjoner

Arrangør har rett til å avvisa deltakarar grunna manglande utstyr eller form. Dette av tryggleiksmessige årsaker.
Maks 6 deltakarar

Ansvarsfraskrivelse

Deltakarar teiknar eigen reiseforsikring.