Skifest Hardanger

Arrangementsinformasjon
Default file 1506083971

Velkomen til Skifest Hardanger - med bratte fjell, skidugleik, opplevingar og kultur i sentrum.

Me inviterer inn skifolk frå ulike miljø frå ulike deler av landet til ei helg med skikøyring i fantastiske omgjevnader på dagen og afterski, mat og musikk om kvelden. Sentrum i Hardanger denne helga er Øystese, nærare bestemt det kombinerte frilufts- og kulturhuset Holmatun.

Turmål:
Øystese er eit svært godt utgangspunkt for vidgjetne toppturar. I næraste grannelaget finn me Skrott (1320 moh), Manfjell (1263 moh) og Torefjell (1050 moh). Alle desse byd på variert skikøyring med flott fjordutsyn. Det finst også renner og skar kor ingen har køyrd før... Kanskje vert Oddmundsgjel, Kabuseskaret eller Smørdalsklypet for fyrste gong køyrd?
Innan 1,5 time køyring finn me Rosendalsalpane med Gygrastolen, Omnatind og Bjørndalstindane som ettertrakta toppturmål. Ein annan klassikar er Oksen som kanskje gjev det mest spektakulære toppturutsynet i heile Hardangerfjorden.
Aktuelle turmål og logistikk omkring dette vert ordna i herleg fellesskap kvar kveld. Arrangør bidreg med logistikk.


Rosendalsalpane ligg kun kort tids køyring frå Øystese. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Program:
Fredag 6. april:
Kl 1800: Samkome i Peisestova.
Sal av mat og drykk og DJ.

Laurdag 7. april:
Kl 0800: Sal av frukost i Holmatun
Kl 0900: Ut på tur!
Kl 16-18: Afterski i Peisestova i Holmatun
Kl 2000: Felles middag i Peisestova
Kl 2200: Konsert: TBA i Storesalen
Kl 2300: DJ i diskoen

Sundag 8. april:
Kl 0900: Sal av frukost i Holmatun
Kl 1000: Ut på tur!
Kl 1600: Takk for dansen og vel heim!

Pris:
Skifestpass: kr 480. Inkluderer inngang båe kveldar, middag laurdag og konsert/klubb.
Konsert: kr 225. Inkluderer inngang konsert og klubb laurdag. Innslepp kl 21.

Overnatting:
Me har ein flott bukett med tilbydarar av husrom i bygda med sjel og særpreg. Alle ligg sentralt og har svært gode fasilitetar. Ta kontakt med dei direkte!
Storeteigen bygdemuseum: https://www.airbnb.no/rooms/3288997 
Mo gardsferie: http://www.mogardsferie.no 
Vetlemyrane gard: http://www.vetlemyrane.no 
Sjøtunet: http://www.sjotunet.no 
Hardanger Feriesenter: http://www.hardanger-resort.com 




Arena og utgangspunkt for skifesten er det kombinerte kultur- og friluftssenteret Holmatun i Øystese

Bu som ein harding inne på tunet hjå lokale heltar!


Topptur nær fjord og fonn på Skifest Hardanger! Foto: Lars Oddvar Fiksen


skifest
holmatun
randonee
dynafit
åsnes
rosendalsalpane
skrott
frikjøring
topptur

Restriksjoner

Ingen refusjon på kjøpt billett.
18 års aldersgrense.

Ansvarsfraskrivelse

Alle deltakarar teiknar eigen reiseforsikring.
Ved å kjøpa billett signerer ein samstundes eigenerklæringsskjemaet: https://www.dropbox.com/s/p3ek8fe6p34l5te/Egenerkl%C3%A6ring%20Skifest%20Hardanger%20.docx?dl=0