HardingEkspedisjon: Trolltunga

Arrangementsinformasjon
Default hardingeksp

HardingEkspedisjon: Liding fører fram. Fyl fara til hardingen i leida mot opplevinga du ikkje trudde du makta. Dra din eigen pulk. Sov i telt i barst arktisk klima. Et lokalprodusert polfararmat. Har du ein harding i deg? Me inviterer 12 heldige sjeler med på tur. Velkomen til Trolltunga vinterstid.



Trolltunga søv om vinteren og du har fjellet for deg sjølv. Foto: AK Glück-Teigland/Hardanger åtgaum

Trolltunga er eit nasjonalikon med 100000 vitjarar årleg. Om vinteren er det tomt, kaldt og svært vérhardt. Kalde vindar rullar over Hardangervidda og dundrar over Trolltunga. Kvardagen i høgfjellet tidleg vinter kan vera timevis utan sikt, men også dei klåraste dagane i året. Temperaturane kryp ofte ned mot minus 20 grader. Ta turen inn i det ukjende saman med røynde kjentfolk.

Høver for deg...
- som er van med å ferdast i fjellet vinterstid og eig eigne fjellski og anna grunnutrustning for å takla krevjande forhold
- har lyst på ein utfordring utanom det vanlege og er motivert for å testa eigne grenser
- har ein ekspedisjon i magen og vil testa form og utstyr med andre fjellfolk
- har lenge hatt lyst til å telta vinterstid, men manglar utstyr og kompetanse.
- ynskjer å oppleva krevjande vinterfjell med røynde fjellfolk



Trolltunga i gneistrande klårt og kaldt vintervér. Foto: Bård Basberg


Program:
Fredag 26. jan:
Kl 1800: Oppmøte Hardanger Høgfjellssenter Holmatun i Øystese
Kl 1900: Ferdaråd og utdeling matrasjonar
Kl 2000: Felles heimelaga HardingMat
Kl 2300: Overnatting i telt i Storesalen!

Laurdag 27. jan:
Kl 0600: Revelje og felles frukost
Kl 0700: Avreise Øystese
Kl 0930: Avmarsj Skjeggedalen
Kl 2200: Overnatting i telt omkring Trolltunga

Sundag 28. jan:
Kl 0700: Revelje
Kl 0900: Avmarsj. Retur same veg.
Kl 1500: Avreise Skjeggedalen
Kl 1800: Ankomst Holmatun, Øystese

Ekspedisjonen byrjar og sluttar i Hardanger Høgfjellssenter i Øystese


På HardingEkspedisjon retning Trolltunga i samla tropp. Foto: Bård Basberg


Turskildring:
Utgangspunkt for ekspedisjonen er det nyetablerte Hardanger høgfjellssenter i Øystese, Hardanger. Her vert ferdaråd og middag innteke før me stryk av garde til fjells. Overnatting skjer i oppslåtte telt i Storesalen! Me ris opp tidleg og et ein dueleg frukost før avreise frå Øystese til Skjeggedalen. Frå parkeringsplassen i Skjeggedalen ber det lukst oppover langs traktorveg og i skogsterreng i 350 høgdemeter til Topp. Her knekk me over tregrensa og set kurs mot Gryteskar, så vidare opp Trombeskar. Då legg ein alt av mobildekning og sivilisasjon bak seg og går inn i det løynde høgfjellet. Fyl vinterruta i retning Tyssevassbu, før me knekk sør på Hallet grøna. Fyl eigen trasé frå orfallet ned til sommarruta aust for Endåni. Deretter i lenare terreng forbi Tyssestrengene mot Trolltunga som stikk ut som ein iskald og brutal arm frå det islagde fjellet...



Skituren til Trolltunga er på om lag 14 km kvar veg med 1000 m stigning... Kart: lommekjent.no


UTSTYR:
Obligatorisk deltakarutstyr:

Ved avmarsj:
1 stk skalljakke og skallbukse i GTX-kvalitet eller liknande . Treningsklede ala SWIX eller bomull vert ikkje akseptert.
1 stk ullundertøy, overdel
1 stk ullundertøy, underdel
1 par vindvottar
1 par varme innervottar
1 stk vindtett lue eller hette på jakke
1 par varme ullsokkar
1 par fjellskisko
1 par fjellski med stålkant (3/4 stålkant vert godkjent)
1 par fjellskistavar med brei trinse
1 stk sendar/mottakar med 100 % batteri. Kameratsjekk før avmarsj.

I sekk/pulk:
1 stk liggjeunderlag til vinterbruk
1 stk vintersovepose med nedre grense -10 grader (T-comfort: kvinner, T-limit: menn)
1 stk snøspade
1 stk søkestang snøskred
1 stk fjellduk/vindsekk (Desse vert vurdert ok. Denne typen vert vurdert som ikkje ok)
1 stk ullundertøy, overdel (i vasstett pose)
1 stk ullundertøy, underdel (i vasstett pose)
1 stk dunjakke (i vasstett pose)
1 par varme ullsokkar (i vasstett pose)
1 par alpinbriller
1 stk balaklava
1 stk hovudlykt med ekstra Lithium batteri
1 stk fløyte
2 stk full termosar. Min 1,5 l totalt.
1 stk SPORK eller liknande
1 stk låda eller plasttallerken
1 stk kompass
1 stk kart Norgeskartkartserien "1:50 000 Nordmannslågen 10031" eller kartblad som dekker heile ruta
1 stk personleg førstehjelpsutstyr (minimum: enkeltmannspakke, sportstape og strips)
Mat og snop utanom måltid

Arrangørutstyr:
Arrangør stiller med telt, brennarar, pulk og sele, sambandsutstyr og sams tryggleiksutstyr.
Arrangør syter for middag fredag kveld, frukost, lunsj og middag laurdag, samt frukost og lunsj sundag



Gå som ein harding, bu som ein harding - i telt med Trolltunga som næraste granne. Foto: Bård Basberg



Pris:
Kr 3800 per pers.
Inkluderer:
- turleiing
- overnatting Holmatun
- leige fellesutstyr (brennar, kjørl, pulk, sele og drag)
- heimelaga middag fredag kveld, frukost, lunsj og middag laurdag, samt frukost og lunsj sundag



Ferda inn til Trolltunga vinterstid fortonar seg i krevjande og vérutsett terreng. Foto: Bård Basberg


Turleiaransvarleg:
AK Glück-Teigland, tlf 91394506, ak@bygdagnist.no
Turleiarane har lang røynsle innan ferdsel i vinterfjellet. Tallause turar i drugt lende i heimefjella sidan speidardagane i 1992. Lengre ekspedisjonar som skitur Hardanger - Oslo i 2014, 360 km marsj langs grensa av Hardanger sommaren 2015, fleire deltakingar på Ekspedisjon Amundsen og telting i orkan under Hallingskarvet vinteren 2015. Var leiar for Ekspedisjon Nansen 1884 - 2017 i fotefara til Fridtjof Nansen i mars 2017.



Turleiarane gler seg til å ta deg med på tur! Velkomne til fjells.








trolltunga
holmatun

Restriksjoner

https://www.dropbox.com/s/4uson8nhsii3zt2/GENERELLE%20VILK%C3%85R%20BYGDAGNIST.pdf?dl=0
Maks 12 deltakarar

Ansvarsfraskrivelse

https://www.dropbox.com/s/4uson8nhsii3zt2/GENERELLE%20VILK%C3%85R%20BYGDAGNIST.pdf?dl=0